Ung Kraft-fondet har tildelt midlar

24 apr, 2025

Styret i Sauda næringsutvikling KF behandla i møte 10. april søknader til Ung Kraft-fondet.

Det var kome inn 6 søknader, og av dei fekk følgande tildelt midlar:

  • Austarheim skule – forsøkskoffertar, kr 16.000
  • Fløgstad skule – programmering, 10 stk LEGO Education SPIKE Prime, kr 53.950
  • 3D printarar barneskulane, 3 stk Bambu Lab A1 Mini, kr 13.500

Ung Kraft-fondet er eit samarbeid og spleiselag mellom Eramet, Saudefaldene, Brødrene Selvik og Sauda næringsutvikling. Målet er å bidra til nysgjerrighet og skaparglede hos barn og unge i Sauda. Ulike prosjekt frå samtlege skular og barnehagar i Sauda har no fått tilsagn om støtte.

Me ser fram til fleire kreative og gode prosjekt i tida framover!